vȯkkstra'flȯg
uttrykk
vokstraflog, når det stakk og krisla litt i kroppen på oss born, sa dei vaksne, da æ vȯkkstra'flog
Gamle ord og uttrykk
uttrykk
vokstraflog, når det stakk og krisla litt i kroppen på oss born, sa dei vaksne, da æ vȯkkstra'flog
flog, i samansetjing vȯkstra'flog, krisling og stikk i kroppen til ein som veks
langambaren, skjemtenamn på magen. Når vi borna hadde vore i bærskogen utan spann, sa dei vaksne «du har plukka i lång'ambarinj»
støble, ein sokk der nedste delen er avklipt. Om våren når det var kaldt og vått og born og vaksne skulle gå berrføtte, klipte dei av nedste delen av ein utsliten sokk og trædde resten opp på foten. Det varma, vi jėkk i støbble
ture, leike (om born), drikke og feste (om vaksne)
skjervet, mellomgolvet (på kroppen), e fekk so illt før skjærva (dativ), eg fekk so vondt i mellomgolvet
flogge, hinne, snerk, på mjølk
bulen, sjølve kroppen utan lemer, skjørte 'bølinj
valk, utbuling på kroppen eller eit klesplagg, sjørrta låg i vallka