støbble
uttrykk
støble, ein sokk der nedste delen er avklipt. Om våren når det var kaldt og vått og born og vaksne skulle gå berrføtte, klipte dei av nedste delen av ein utsliten sokk og trædde resten opp på foten. Det varma, vi jėkk i støbble
Gamle ord og uttrykk

klåtr, eit bein i foten på gris eller sau. Vi sette hol i midten på det, trædde inn ein dobbeltråd og så svinga vi rundt til vi fekk snur på tråden, sidan drog vi berre ut og inn. Fin leike
reste, mangle, vante, da resste tvau låmb, da rȯsst, da har rȯsste
langambaren, skjemtenamn på magen. Når vi borna hadde vore i bærskogen utan spann, sa dei vaksne «du har plukka i lång'ambarinj»
ture, leike (om born), drikke og feste (om vaksne)
vokstraflog, når det stakk og krisla litt i kroppen på oss born, sa dei vaksne, da æ vȯkkstra'flog
da jekk omm'sonns, det gjekk ikkje som det skulle
sned, form, skap, hanj hadde gȯtt 'snė på di, god form, te snėss, til sneds, på skeive, da jekk no te snėss, t.d. når ein skulle kaste ein stein og ikkje råka
1) tong til å klipe med, 'tænge, tenger, ei hop'tång 2) ei høytong, ei avlang treråme som dei la på høylasset, og så jørte, gyrde dei fast med tog