ture
uttrykk
ture, leike (om born), drikke og feste (om vaksne)
Gamle ord og uttrykk
uttrykk
ture, leike (om born), drikke og feste (om vaksne)
leik, styr, ståk, leven, da va slėke 'leike heile natta
langambaren, skjemtenamn på magen. Når vi borna hadde vore i bærskogen utan spann, sa dei vaksne «du har plukka i lång'ambarinj»
støble, ein sokk der nedste delen er avklipt. Om våren når det var kaldt og vått og born og vaksne skulle gå berrføtte, klipte dei av nedste delen av ein utsliten sokk og trædde resten opp på foten. Det varma, vi jėkk i støbble
vokstraflog, når det stakk og krisla litt i kroppen på oss born, sa dei vaksne, da æ vȯkkstra'flog
bemle, drikke i store slurkar
gasterere, vere raust til å spandere mat og drikke
skivje, ein flat stein som fer bortover vatnet slik at han hoppar opp og ned langs vassflata, han skivjar. Vi hadde det som leik, galdt å få steinen til å gjere flest mogeleg hopp
spele seg, leike seg, dei spelte se me et lamb