vikje
uttrykk
vikje, å vikje ei sag, bruke ei vikjetong på sag tennene
Gamle ord og uttrykk
uttrykk
vikje, å vikje ei sag, bruke ei vikjetong på sag tennene
kveikje, tenne opp i omnen
dausne, bruke store ord i oppøst stemning, gjerne i samband med alkohol, hanj dausna
dørle, bruke pengane opp i smått, no må du kje dørle vekk penganje
å fjøle pølse, å fylle innmat i tarmar og lage pølse, til det brukte dei eit fjølinge'hȯnjnj, fjølingehorn
å bruke spett
økse, bruke øks, økkse da tė
passar til å lage sirklar med, mykje bruk for det når dei skulle lage bøtter. Laga han sjølv av eit trestykke, ein tråd og ein stift til å risse med
merkingsdag, ein dag som dei brukte som merke på veret framover. Døme: Det veret som dei hadde marimessdag, 25. mars, skulle vare i sju veker