'reive
uttrykk
reiv, eit breidt stykke til å ha om eit lite barn, motsett linde, som var smalare. Sjå lėnde
Gamle ord og uttrykk
uttrykk
reiv, eit breidt stykke til å ha om eit lite barn, motsett linde, som var smalare. Sjå lėnde
linde, eit smalt tystykke (band) som dei batt rundt eit spebarn, motsett reiv som var eit breitt stykke
reivbarn, eit lite barn som dei reivar
lende, late vatnet, hesten lendar
smie, dei skata da tė, om eit emne som dei smidde til slik at det vart smalare i eine enden
brurabiten, eit særskilt stykke av spekekjøtlåret
dassfadder, ein/ei som fylgde eit barn på do, i sær når det var mørkt og uhyggeleg om kvelden
lausunge, barn født utanfor ekteskap
øyreklut. Dette var den første av tre klutar som dei hadde kring eit lite barn som skulle til dåpen. Den andre kalla dei sėlkje'klute, silkeklut. Han var det fargar på. Den tredje og ytste kalla dei rau'ækkte, raudekte, bomullsstoff med farge på