'flobenkjinj
uttrykk
flobenken, isbelte langs fjæra. 1-2 meter breitt. Når isen la seg, fraus han fast i fjøresteinane. Sidan seig vatnet gjerne, men isen i strandkanten vart liggjande. Dette isbeltet vart kalla 'flobenkjinj
Gamle ord og uttrykk
uttrykk
flobenken, isbelte langs fjæra. 1-2 meter breitt. Når isen la seg, fraus han fast i fjøresteinane. Sidan seig vatnet gjerne, men isen i strandkanten vart liggjande. Dette isbeltet vart kalla 'flobenkjinj
skivje, ein flat stein som fer bortover vatnet slik at han hoppar opp og ned langs vassflata, han skivjar. Vi hadde det som leik, galdt å få steinen til å gjere flest mogeleg hopp
linde, eit smalt tystykke (band) som dei batt rundt eit spebarn, motsett reiv som var eit breitt stykke
råk 1) krøterstig, 'stølsråkja 2) opning i isen på Jølstravatnet
dei kunne seie sippekauren når dei kalla på ein bestemt sau
øyreklut. Dette var den første av tre klutar som dei hadde kring eit lite barn som skulle til dåpen. Den andre kalla dei sėlkje'klute, silkeklut. Han var det fargar på. Den tredje og ytste kalla dei rau'ækkte, raudekte, bomullsstoff med farge på
torvald, i bunden form torvalden, den stokken langs takskjegget som held torvet på plass på eit torvtak. tȯrrvalds'krokanje, torvaldskrokane, ein på kvar sperr og av eine, stødde opp torvalden
feitetysdagen, første tysdagen i fasta, før oskeonsdagen
oskeonsdagen, første dagen i fasta