skræ
uttrykk
nedslitne sko, da 'va no nokre skræ, har du sett desse 'skrænje mina
Gamle ord og uttrykk
uttrykk
nedslitne sko, da 'va no nokre skræ, har du sett desse 'skrænje mina
trommesykje, husdyrsjukdom med veldig oppblåsen mage. Hestane kurerte dei med å køyre dei i lett trav til dess lufta losna
tøler, reiskapar, no må e sammle ihop tølinjnje mina, reiskapane mine
buskap, ong'fana, ungfana, kalvar og kviger, har du sett fana i dag?
klåtr, eit bein i foten på gris eller sau. Vi sette hol i midten på det, trædde inn ein dobbeltråd og så svinga vi rundt til vi fekk snur på tråden, sidan drog vi berre ut og inn. Fin leike
renningegogn, ein stor loddrett bom av to grindar som dei sette inn i stova når dei skulle renne vev
skræler, når dei hadde kokt smolt av feittet på grisen, vart det alltid eit visst botnfall av feitt og små kjøtrestar. Det var skrælinje, var svært godt attåt raspekaker, når det var oppvarma
dølje, løyne, dinjnje garinj 'døle se, sa mannen då han hadde sett over ein gard, i døldå, i løynd
Når dei vov fjølrøys, sette dei ei smal fjøl inn mellom skila i veven